
Seglet for tempelet er laga ut frå skisser av Audun Hugleikson sitt segl. Han var frå Ålhus i Jølster, og var rekna for den mest lovkunnige mannen på den tida då Magnus Lagabøte laga landslov for Noreg. Det er ein rekonstruksjon som Selja Forlag fekk laga i samband med utgjevinga av boka om mannen. Han fekk det i gåve frå den skotske kongen på 1200-talet. Seglet er tilpassa ordenen ved triangelet i midten. Det symboliserer vern om den enkelte, familien og fedrelandet. Tempelet vil arbeide for sanning, kjærleik, reinleik og truskap.

Ved et møte i RT Audun Hugleikson i 2009 var medlemmer fra alle 12 grader tilstede.
TEMPLETS BESØKADRESSE:
Møta er i OPUS-bygget i Odd Fellow-lokala
Halbrendsøyra 7
6800 Førde
TEMPLETS KONTAKTADRESSE:
Brattegjerde 27
6887 Lærdal
Mail: vebfag@gmail.com
Mobiltel.: +47 905 24 079

Ved et møte i RT Audun Hugleikson i 2009 var medlemmer fra alle 12 grader tilstede.
Førdehelga 2023
Klikk på knappen under for å se
invitasjonen til årets Førdehelg.
3 aktive brødre i RT Audun Hugleikson ble hedret med hederstegnet Eklundmedaljen i sølv ved et møte i Førde lørdag 19. mars 2022.


Mester: Vebjørn Fagernes
Brattegjerdet 27, 6887 Lærdal
90 52 40 79
vebfag@gmail.com
Sekretær: Olav J. Langeset
Nordfjordvegen 775, 6783 Stryn
901 76 404
olav.langeset@enivest.net
NOKRE AV BRØDRE SIN OPPLEVING AV Å VÆRE MEDLEM I RT AUDUN HUGLEIKSON

Bodvar Sølvberg
Arbeidet i Tempel Ridder Ordenen har hjelp meg til å finne vegen inn til meg sjølv og det viktige i livet. Noko av det eg har oppdaga og lært har Arne Paasche Aasen satt ord på: Du skal ikkje jage i hvileløs ring, men lære deg å elske de nære ting.

Edgar Piel
Ordenen legger til rette for å rettleie og utvikle medlemmene til sjølvstendig tenking om sentrale verdispørsmål. Det pedagogiske opplegget har hjulpet meg til å finne min egen veg. Eg har lært meg sjølv betre å kjenne.

Johannes Nedrebø
Gjentaking og stadige repetisjonar av dei same ting skaper tryggleik og ro som er veldig godt i ein elles travel kvardag. Men å høyre og sjå det same gjev meg også nye tankar og opplevingar kvar gong. Det er vel derfor ritual har så sterk verknad på oss.

Magnar Vereide
Det å kunne sitje i Tempel salen og berre være i sine eigne tankar og refleksjonar gjev djup indre fred i sinnet – eit pustehol – ein oase. Samværet med mange dyktige, hyggelege og engasjerte med-brør er også ein verdi i seg sjølv.

Magne Geir Verlo
Det eg har lært mest av i Ordenen er mine eigne reaksjonar når eg var uførebudd på det som hende. Slike spontane reaksjonar skaper varig læring. Det har gjeve meg meir sjølvinnsikt og betre evne til å møta det uventa.

Olav Hellebø
Å kome inn i tempelsalen gjer meg høgtidsstemt og innover vendt. Eg kjenner at eg får ro i mitt indre, eg slepp på stress og urolege tankar. Måten som rituala er bygt opp på viser meg ofte nytt innhald, nye meiningar som ligg bak og gir meg ny lærdom. Samværet med mange hyggjelege og positive med-brør krydrar dagen positivt og styrkjer fellesskapet.

Tor-Arild Nydal Holsen
Tempel Ridder Ordenen gjev meg livsvisdom – læra om livet. At du og eg skal væra noko for andre og kvarandre. Den gjev meg venskap og kameratskap – og ein grunn til å stå på som eg ikkje vill ha funne noko annan stad. For meg er stundene i Tempelsalen heilage. Det gjev meg fred og indre ro og kraft og energi til kvardagen.

Vebjørn Fagernes
Mi oppleving er at arbeidet i Ordenen har gjeve meg større viljestyrke, sjølvdisiplin og uthaldsevne. Evna til forplikting og hjelpsemd har vorte sterkare. Oppleving av venskap og samhold, kombinert med det å være noko for andre, er gåva Ordenen har gjeve meg.